logo_125.jpg
bilde2.jpg

Høgstandardhytter/bungalower

5 av hyttene er tømmerhytter på ca. 30m2, og inneheld fylgjande: dusj og toalett, soverom med 2 adskilte senger, hems med sengeplass til 3, stove med TV og sengeplass, og kjøkkenkrok med fullt utstyr til 6 personar. Hyttene er utstyrt for 6 personar, men høver best for 5 voksne personar.

Ei av hyttene er likt utstyrt som nemnt ovanfor, men har ikkje hems, i stadan har den 2 soverom som er utstyrt med ei dobbelseng(120 cm) og ei køyeseng. Elles alt utstyr til 6 personar.

I alle 6 hyttene ligg det også dyner og puter til 4 personar. Er det behov for fleire så er det mogleg, inntil 6 personer utan tillegg i pris. Sengetøy må evt. leigast.

2 av hyttene (byggeår 1998) er på 45 m2, og er tilpassa rullestolbrukarar. Hyttene har 2 soverom. Den eine har seng på 150 cm breidde, og den andre har seng på 120 cm + overkøye. I tillegg er det ein stor hems med madrasser til 2 personar. Hyggeleg spisekrok, kjøkkenutstyr til 8 personar, 3 kokeplater og steikeomn, sofakrok med TV. I hyttene er det 6 dyner og puter, 1 ekstra sett kan ordnast utan tillegg i pris. Sengeklær må evt. leigast. Desse to hyttene har god uteplass lett tilgjengeleg. Alle hytter har flott utsikt.

Ny hytte bygd til sesongen 2007
Hytta har to soverom, det eine med dobbelseng og det andre soverommet med køyseng. Høver for inntil 4 personar. Dyner og puter ligg på hytta.
- Kjøkkenkrok, dusj og toalett.
- Stove med TV.
- Flott utsikt.

map_200_correct2.gif

Adresse
Hole Hytteutleige
N-6216 Geiranger
Phone + 47 70 26 30 30
Mobil + 47 952 41 909
E-post post@holehytter.no

nobEngGer