VÅRE HYTTER

VI har 15 hytter i forskjellige prisklasser!

Tømmerhytter

Hyttene har eit soverom med to adskilte enkeltsenger. I stova er det ein sovesofa (140 cm brei) som gir plass til 2 personer. Kjøkken med kokeplater, kjøleskap og liten frysar. Der er også eit kjøkkenbord med stolar, og TV ved sofaen. Hyttene tek max fire gjestar.
  • Senger: 2 enkeltsenger, 1 dobbelseng
  • Størrelse: 30

Tømmerhytte Nr 11

Nyt susen av fossen som ligg rett ved sida av hytta. Hytta har 2 små soverom med familiekøyer. Nederste køye er 120 cm brei og øverste 75 cm. På kjøkkenet er det kokeplater, ovn, kjøleskap og liten frysar. I tillegg finn du kjøkkenbord ved sofaen, kor det er også ein TV. Ein kan parkere rett ved hytta.
  • Senger: 2 enkeltsenger, 2 dobbelsenger
  • Størrelse:
 

Tømmerhytte Nr 13

Tømmerhytte nr. 13 er heilt lik dei vanlege tømmerhyttene, med unntak av at i stova er det ingen sovesofa, men ei køyeseng. I staden for sofa er der to godstolar. Hytta har max plass til fire personer. Kjøkkenkrok med kokeplater, ikkje steikeomn. Kjøleskap og fryser med utstyr til 4 personer.
  • Senger: 1 køyeseng (2 enkeltsenger), 2 enkeltsenger 
  • Størrelse: 30
 

Hytte Nr 4

Hytte nr 4 er litt større enn tømmerhyttene, men tek like mange gjestar (4 personer). Hytta har to soverom; eit med dobbelseng og det andre med køyeseng. Kjøkkenet har komfyr og kjøleskap med utstyr til fire personer, samt sofaområde med TV i samme rom.
Merk! det er trappetrinn ned til hytta frå parkeringsplass
 
  • Senger: 1 køyeseng (2 enkeltsenger), 1 dobbelseng
  • Størrelse: ca 35
 

Campinghytter

Dette er dei minste hyttene vi har. Hyttene består av eit fellesrom med kjøkkenkrok med utstyr for fire personar, kjøkkenbord med stolar, og to køyesenger. Kjøkkenet har kokeplater, kjøleskap og liten frysar. Dusj og toalett er for seg sjølv på privat bad.
Nokre av hyttene har parkering like ved, andre ved parkeringsplass.
  • Senger: 2 køyesenger (4 enkeltsenger)
  • Størrelse: ca 20 
 

Store Bungalower

Dette er våre største hytter. Dei er handikaptilpassa og tek opptil 7 gjestar. Hyttene har to soverom; eine med dobbelseng og andre med køyeseng der den nederste enkeltsenga er større enn den øvste. Der er også ein hems med ei dobbelseng, men her er taket lavt. Kjøkkenet har komfyr, kjøleskap og fryser med utstyr til 8 personer. Ein kan parkere like ved hyttene.
  • Senger: 1 køyeseng (1 enkeltseng, 1 dobbelseng), 2 dobbelsenger
  • Størrelse: 45 m²
 
  • Facebook Reflection
  • Trip Advisor App Icon

Følg oss

CONTACT US:

TEL: +47 70 26 30 30

E-MAIL: post@holehytter.no

© 2023 Hole Hytteutleige

Vestre Filmproduksjom - Lars Vestre

ADDRESS:

GEIRANGERVEGEN  329

6216 GEIRANGER

NORWAY